Society & Culture
Ungdomsalibiet
I ungdomsalibiet blir vi kjend med våre unge politikere og kvifor dei driv på med politikk. Vi har invitert alle dei yngste politikarane som sitt på liste til eit parti til å vere med i ein episode kvar. Nokon er på vei inn i kommunestyret, medan andre er litt usikre på kva dei ynskjer med politikk. Nokon er eldre, andre er yngre. Vi diskuterar politikk i kommuna vår og lar dei yngste kome til ordet! Velkomen til ungdomsalibiet.
Siste episoder
- 09.09.2023
- Klimasaka gjorde Kaya interessert i politikk. Måndag kan ho få plass på fylkestinget!
- 01.09.2023
- Han er 19 år og sitter på 6.plass på lista til Høgre. Han har dei siste fire åra vore ungdomsordførar og hadde han hatt meir makt hadde Skram skule allereie vore bygd. Møt Håkon Heggen i Ungdomsalibiet..
- 25.08.2023
- Siri står på lista til SV. Ho stod på lista første gang som 18-åring, men nå gjer ho comeback
- 18.08.2023
- Møt Elin i ungdomsalibiet. Ho er ambulansearbeidar og kjempar for fleire tilbod og meir tilpassa opplæring i skulen
- 03.08.2023
- Kristian har 110 prosent stilling i 110 Vest, pendlar frå Florø til Bergen og kjenner seg heime i Krf sin familiepolitikk
- 27.07.2023
- Eskil frå Venstre snakkar om nye transportmåter mellom Florø og Måløy, og er ikkje redd for å snakke om forgubbing av lokalpolitikken